AGLE  Gardsnr. 186.

Agle på Inderøy - Hovedsiden.

Ein part av denne garden låg til erkebispestolen mot slutten av millomalderen. G. har under erkestolens landskyld: "Af Agleidh 2 Øre". Namnet er på ein annan stad i G. skrive "Agleid". Skylda var frå gamalt 1 spann 2 Øre. I skattemanntalet frå 1520 er "Gunder i Agle" nemnt, i lista over leidangen i 1549 Joenn Aglenn, og i skipsskattlista frå 1559 Oluff på Agle. Suend Augle svara i 1645 12 rdlr. i kontributionsskatt som fullgardsmann. I 1665 var Agle Bakkeklostergods, og Per Agle svara dette året i tiende 1/2 skj. bygg, 1 tn. 4 skj. havre, 9 mrk. ost, 11/2 mrk. hamp og 11/2 mrk. lin. Ved matrikuleringa i 1668 er opplyst at garden kunde fø 8 storfe og 2 hestar, og at dei sådde 8 tn. korn. Per Olsson var oppsittar og Bakke kloster eigar. Skylda vart som før, 1 sp. 2 ø endå matrikuleringsnemnda vilde ha ho ned i 1 sp. 1 ø. Ny skyld på Agle i 1838 4 daler 14 skl., revid. 9,35 mrk. I 1694 d. 21. febr. vart det halde arveskifte etter den same Per Olson, millom enka Anne Olsdotter på den eine sida og brorborn og søsterborn åt Per på den andre sida, brorborna var alle frå Ytterøy pr.gjeld, og søsterborna frå Inderøy (frå Aalberg og Andset). Lausøyret var registrert såleis:

    rd. o. sk.       rd. o. sk.  
  Kaaber:           Jernfang:        
1 gl: brom Kiel 1 0 0     Ploug Redschab tilsammen 0 1 12  
            1 hiem quern 0 0 8  
  Korn:                    
2 2 td. biug ad: 7 ort 3 2 0     Træfang:        
            1 kar 0 2 12  
  Sengklæder:         1 dito 0 1 12  
1 Randet Hofuetdyne 0 1 12              
1 Kobschinds benchedyne 0 2 0     Har at fordre hos Simen Wistven for en ung hest:        
1 liden benchedyne 0 0 12     2 0 0  
              Summa Boens formue Efter Wurdering:        
  Heste Creatur :           42 1 0  
1 Røed hest 8 aar 6 0 0     Derimod findis Bortskyldigt gield som følger:        
1 Røt ungschuid 2 2 0            
              Schatter for 93 0 3 0  
  Quæg:           Landschyld og gl.scatter for 93 17 3 4  
3 kiør ad: 2 1/2 Rdlr. 7 2 0     Item Arbeitz, Søe och landbohold 0 3 8  
1 sort skovløben quie 2 1 0     Noch for 93 landschyld og Rettighed 6 2 8  
1 liden Graoxe 1 2 0     (Som ein ser ikkje små utreidslor).        
1 liden sort quie 0 3 0              
6 woxen Sauer 2 1 0     Dernæst Aabod taxerit:        
3 woxen Gieder 1 0 12     Dagligstuen af nyt at opbringe 10 rdl.
Madstuen i ligemaade forraadnet 4 rdl.
       
1 ung Gied 0 1 8     14 0 0  
1 Soe Suin 0 1 12              
               Lensmanden och mendene 0 3 0  
  Siø Redskab :            Tieneren 0 1 0  
1 Gl. baad 0 2 0      Jacob Bye for 1 td; korn 1 0 0  
8 1/2 td. Salt ad: 2 ort 8 skl. 4 3 16      Olle Olsen løn 0 2 0  
1/2 fiering i en Saltkiel 1 2 0              
1 Gl. Seigl 0 2 0     Widere er boet iche tilstrechende.    
1 Sildgarn No. 1 0 2 0              
  No. 2 0 1 8      Endå kom attåt godt 5 rdlr. gjeld.      
  No. 3 0 1 8              
                       

I 1695 fekk den nye bygselmannen, Amund Jonson, feste på garden frå paktaren på Bakke klostergods, Andreas Tønder, og gav i bygsel 15 rdlr. Amund var då i 30-årsalderen, og hadde garden til over 1745. Namnet til denne Amund (eller Anund) finst bak på altertavla i Hustadkyrkja, han hadde saman med andre gitt gåvor til kyrkja. Han vilde gjerne ha den æra å sitje langt framme i dette huset, det er også sagt at han heller ikkje hadde noko imot at garden Agle stod høgt i skyld. Men skiftet i 1718 etter kona hans, Anne Olsdtr., syner at det i røynda ikkje stod så hævt til, buet var verdsett til 39 rdlr. 2 ort. 10 skl., medan gjelden var 54 rdlr. 15 skl.

Svensken var ikkje innom på Agle i 1718. Konseptmatrikkelen frå 1723 opplyser at det på garden var skog "til gaards fornødenhed. Ringe bumark. Ligger i vestli, maadelig kornvis. Skarp og myret eng; maadelig tungvunden". Dei sådde 1 tn. bygg, 4 skj. bl.korn, 6 tn. havre, 1 pd. gråerter, 4 mrk. linfrø. Avla 28 lass vollhøy. Der var 2 hestar, 7 storfe, 4 sauer og 4 geiter.

Etter Amund var ein Lars oppsitter nokre år, og etter honom Anders Jensson, han kjøpte garden i 1766 for 230 rdlr. og fekk eit pantelån på 280 rdlr. hos madam Bilsøe. Det var nok litt vanskelig å greie renta til kvar tid, så på skiftet etter kona, Kirsten Hansdtr., i 1784, er gjelden førd med 514 rdlr. Långjevaren var då død, og versonen hennar, kanseliråd Tyrholm, hadde reist søksmål mot Anders. Av denne grunn drog det ut til nyår 1787 før arveskiftet vart slutta. Garden hadde då vore til auksjons 4 gonger, og kom tilslutt opp i 501 rdlr. Dette bodet var det Ole Erikson Oksål som gjorde på auksjon i desember 1785; men då Ole Oksål døydde stutt tid etter, gjekk garden til auksjons pånytt i mai 1786, Markhus Sodemann Lund fekk då tilslaget for 461 rdrl, skilnaden, 40 rdlr., vart utreidd av buet etter Ole E. Oksål. Auksjonen over lausøyret gav 88-2-4, så buet kom opp i 625-2-16. Men då gjeld og ymse utgifter i alt var 608-0-6, vart det berre 17 rdlr. 2 ort 10 skl. tilgode. På skiftet var garden verdsett til 400 rdlr.

Markus S. Lyng selde garden i 1788 til Jørgen Person Geilvoll frå Sparbu for 480 rdlr., skjøtet dagsett og tinglyst 8. april s. å. Den nye bonden på Agle var son til klokkar Per Kristofferson Geilvoll, og gift med Dortea Olsdtr. Skjevlo. Dei hadde ingen søner, men 3 døtter: Lisbet, Sigrid og Karen. Jørgen P. og kona hadde garden til 1817, og selde han då til versonen Ole Jonson Vist for 800 spdlr. Eigarane seinare - i same slekta: Kristian Olson frå kring 1840, Petter Jørgenson fra 1878, etter han døydde i 1890, hadde enkja, Anna Mikalsdtr. Følling, garden til 1894, då han vart seld på auksjon til bror til Petter, Jon Agle Hemre. Han sat med garden til 1910, då versonen hans, Paul Stokke, g. m. Ingeborg Hemre, overtok han og hadde han til 1914. Jørund Petterson kjøpte då garden av honom, og har han no.

Under Agle var det i 1801 berre 1 husmannsplass, sidan ialt 5: Smååkran, Ellingplassen, Brenne, Jørnplassen og Sandåkern. Dei er alle lagt til garden. Kring 50 mål, mest myr, er nydyrka i dei siste par mannsaldrom. Krøterhaldet har i seinare tid vore 2 hestar, 10 storfe, 10 sauer. Kring 700 mål skog høyrer til garden.

Den høgste staden i innmarka heiter "Tempelbråtte", visst eit gamalt namn, men tydinga uviss. Og nedanfor der husa står no, er det merke etter gravhaugar, men næstan utjamna heilt med bakken. Det har vore funne flint der, men såvidt ein veit ikkje noko annan. Husa vart flytta i Kristian Agle si tid kring 1846. Det vart gjort for å få et betre tun (gårdsplass) enn det gamle. Omfram Tempelbråtte er det noko lenger i nordvest for husom ein næsten utjamna haug som har namnet "Hårekhaugen".

SANDVOLLAN AGLE, G.NR. 186, L.NR. 265.

Første gongen vi finn skrifter om plassar under Agle, er i 1783. Den 23. juli 1783 var det skifte etter avlidne husmann Ola Pederson Agleplass. Ervingar var: Enkja, Karen Jensdtr., og borna deira: 1) Jens Olson, 19 år gl., 2) Peder Olson, 7 år, 3) Ola Olson, 1 år gl., 4) Dortea, 14 år og 5) Johanna Olsdtr., 4 år gl. Formyndar var Andor Jensson Agle.      Bumedelen- inkje. (Fattigbu). "De tilstedeværende foregav at det intet findes til boets indtægt - og, at enken var i saa stor fattigdom at sognepresten har opplyst (?) det almuen ville af medlidenhed rekke hende haanden med levnets ophold udi hendes store svaghed."

Ola Pederson var nok første husmann under grd. Agle. Etter Ola Pederson vart visst Jørgen Jørgenson Agle husmann i "Plassen" også kalla Jør'n-plassen. Jørgen Jørgenson skulle vera i ætt med husbondsfolka på garden Agle. Folketeljinga frå 1801 syner at Jørgen Jørgenson, f. 1757, døydde 7. juli 1830, 76 år gamal, og kona, Beret Sivertsdtr., f. 1759, var plassfolk der da. Det er etter honom at Plassen vart kalla Jørnplassen. Dei hadde 3 born i 1801:

1) Jørgen, f. 1789, 2) Sakarias, f. 1795 og 3) Berit, f. 1796.

Nr. 2) Sakarias Jørgenson vart husmann i Tronstadplassen Hestenget.
Nr. 3) Beret Jørgensdtr. Ukjend.

Anna Sakariasdtr. d. 1857. 56 år, som husm.kone i Agleplass.

Etter Jørgen og Beret vart eldste sonen Jørgen Jørgenss. husmann i plassen. Han var 12 år gl. i 1801, og da krigen med Sverige braut ut i 1807, vart han utkommandert og sendt sørover og var med som soldat den første tida. Seinare vart han "sersjant" og var truleg med under heile ufredstida til 1814. Han var med i fleire slag: ved lsebru og ved Lier o.fl. stader. Han fortalde frå ein trefning at dei såg geilen i svenskehera for kvar kule som gjekk. Den gongen rauk svensken. Jørgen var ein stor "stakal" og ein hardhaus. Det var ein dugande kar i mange måtar. Han var menig soldat først under krigen, men var so djerv at han vart konstituert til sersjant, og hadde sersjants løn. Han døydde ikring 1865, 76 år gl. Han var gift med Ragnhild Kristoffersdtr., f. 1789. Ho var dotter til Kristoffer Kjellss. Ner-Vist og kona Ane Rasmusdtr.

I 1865 var Ragnhild enkje, men sat framleis med plassen. Ho hadde 1 ku og 2 sauer, og sådde 1/4 tn. bygg, 1 tn. havre og 2 tn. poteter. Etter at Ragnhild var dø, hadde dottera, Ane Jørgensdtr., plassen ei tid. Folketeljinga for 1875 syner at Ane Jørgensdtr., f. 1820, var husmannskvinne utan jord der da. Ho åtte plasshusa og "ernærer seg ved forskjellig husarbeid". Ho var ugift i 1875, men hadde 2 søner: 1) Jon Peter Olss., f. 1848, og 2) Raffel Lornss., f. 1853.

Etter Ane vart sonen Raffel Lornss. husmann der og var husmann fram til 1908, da han fekk kjøpe plassjorda og vart sjølveigar. I 1891 er nemnt at Raffel var 'husmann utan jord'. Han var enkjemann da. Kona til Raffel heitte Kristina Augusta Kristiansdtr. Ho døydde på nyåret 1891. Skiftet etter henne vart halde 11. februar 1891. Ervingane var: Enkjemannen Raffel Lornsson og dei 2 borna deira: 1) Ingvard 5 år og Anna, 3 år gl.

    Bumedelen var   kr. 200,00
    - utgift   kr. 14,61
    Restarv til delings   kr. 185,39

Raffel gifta seg oppatt med Kristine Iversdtr. Svian (Granaplass, l.nr. 853). Han døydde 1939. Denne plassen hadde ikring 11 mål jord, og låg omlag 200 meter nordaust for garda. Da plassen vart seld, fekk småbruket namnet Solheim. Da Raffel flytta (1908), vart bruket selt til Samuel Eide, som var innflyttar - visstnok frå Nordland. Han var gift med Karen Maria Olausdtr., f. 1866 i Skrubbhaugen. Da Samuel døydde, vart bruket selt til Bernt Hellan. Dei gamle plasshusa brann ned i 1946, og husa som er no, er nybygd og flvtta noko lenger aust for den gamle tufta. Plassjorda åt dei andre Agleplassom er lagd til garden; men plasshusa på Brenne og Sandåkeren står enno (1959). I tida frå 1801 til 1865 finn vi nemnt desse plassfolka under Agle.

I 1860 d. inderst.-enkje Maren Pedersdtr. Aglepl., 66 år gl.
I 1862 d. Jakob Jonson Aglepl., 60 år gl. Ugift.
I 1865 d. husmann Jørgen Jørgenson Aglepl., 76 år gl.

2. Små-Åkran.

Denne plassen er og so gamal at ingen nolevande veit kva tid første husmannen busette seg der. Da plassen ligg i sjølve innjorden på garda, var ikkje plassen nyrudning i skogen. Etter gamle skrifter var det ikkje 2 plassar under Agle før ikring 1845. Husa låg omlag 200 meter nord for garda. I 1865 var Andreas Tørriss., 63 år, og kona Massi Pedersdtr., 55 år, busett der, og dei var siste husmannsfolka i den plassa. I 1865 fødde dei 4 sauer og 1 geit. Dei sådde 3/4 tn. havre og 4 tn. poteter. I 1875 sat Andreas og Massi framleis med plassen. Massi var blind da. Andreas sa frå seg plassen og flytta derifrå 1880. Massi var død føre den tid. Det var ingen stor plass, - berre 6 mål jord. I 1880 vart plassjorda lagd inn til innjorda på garda. I 1891 var det ingen husmann der.

3. Brenne.(Geilsveet) (utt. Jeilsveet).

Plassen var på 2 mål og låg 250 meter nord-aust for garda. Denne plassen vart rudd av skogland i 1858-60. Namnet tyder på at det føre den tid ha vore bråtebrenning med korndyrking etterpå nokre år, og så attlagd til skog att. Nikolai Sveinsson heitte rudningsmannen og første husmannen der. Han var skomakar, f. 1829 og gift med Ane Johannesdtr. Vist f. 1821. Han hadde ikkje arbeidsplikt på garda som dei andre husmennene, men betalte avgifta i pengar - 20 kr. året. Plassen låg tett ved Ålmannvegen. I folketeljinga 1865 og 1875 er plassen kalla Gjelsveet. Da fødde dei 4 sauer og 1 geit. Dei sådde 1/4 tn. havre og 3 tn. poteter. I 1891 var Nikolai enkjemann, men sat framleis med plassen. - Etter at Nikolai var dø', hadde dottera Ane Gurina Angel, f. 1859, plassen, til ho døydde i 1947. Jorda vart da lagd til garden. Ein slektning av henne eig husa der no (1957).

4. Vikanråa, Marka og Ellinggjale.

Dette var visst same plassen. Vanlegvis vart plassen kalla Elling-jale etter husmann Elling som budde der. I 1875 er plassen kalla Aglemarka, og i 1891 Vikanråa. Plassen vart rudd i 1858-60 av ein mann som heitte Elling Jørgensen. Kona heitte Grete Rasmusdtr. og var f. 1824 (?1827). Han var son til sersjant Jørgen Jørgensen (i pl.nr. 1, Plassen) og var fødd 1827. Elling var ein flink handsagar, og på mange gamle hus der i grenda er det enno bordkledning som han hev saga. I 1865 hadde dei 3 sauer og 1 geit, og dei sådde 1/2 tn. havre og 3 tn. poteter. Plassen er da kalla "Vikanråen". I 1875 hadde dei 3 born heime: 1) Jon Kristian, f. 1863, - 2) Ingeborg Anna, f. 1866, - 3) Edvard, f. 1870. Husdyr i 1875: 7 sauer og 1 gris. Elling og Grete flytta frå plassa i 1895 og budde sia i Beitstaden hos ein av sønom. Jorda vart da lagd til garden.

5. Sandåkeren.

1 1/2 mål jord, låg ved Galsøysundet 250 meter vestafor garda. Plassen vart busett i 1860 av Johannes Person Vikan Galsøya, f. 1821, og kona, Oline Jørgensdtr., f. 1820. Dei leigde eit par mål jord der. Han var båtbyggjar og dreiv dette yrket. Han hadde ikkje arbeidsplikt på garda, men betalte avgifta med pengar. Kor mykje er ukjent. Johannes døydde i 1909; men borna etter honom budde der til den siste av deim døydde i 1947. I 1865 fødde dei 4 sauer, 1 geit og 1 gris. Dei sådde 2 1/4 tn. poteter. Ikkje noko korn. I folketeljinga 1891 er nemnt at Johannes Pederss. (eller Perss.), f. 1821, var husmann utan jord i Sandåkeren. Far til Johannes, Peder Jenss. Vikan, Galsøya, døydde våren 1874 (eller 1875). Da flytta Johannes og huslyden frå Sandåkera åt Galsøy'n og var der og hjelpte moron med arbeidet; men da ho døydde i 1885, flytta Johannes attende åt Sandåkera og budde der til han døydde i 1910. Dottera, Elise, budde på plassa etter honom, til ho døydde i 1946.


Tilrettelagt for internett av
Jan Olav Agle
jan.olav@agle.no
Oppdatert juli 2006
The Gimp Quanta web-editor