Agle
   Brenne    
   Jørnplassen    
   Sandåkern    
   Små-Åkran    
   Vikanråa    

Kvistad
   Geilin    
   Klementsgjale    
   Kvistadgjale    
   Rabbatrøa    
   Rabben    
   Skjørnmarka    
   Sveet    
   Tomasgjale    
   Våttåhalla I    
   Våttåhalla II    
   Våttåhalla III    

Gårder og husmannsplasser på Inderøy - Kvistad, gnr. 8 lnr 12

 

Fra bygdeboka:


Dette er ein av dei største gardane på Inderøy frå gamal tid. Snorre nemner han i soga om Olav d. heilage. Olav hadde gjort Torgeir på Kvistad til lendermann. Torgeir gjekk seinare saman med Olavs motmenn, og fall for Olavs sverd i slaget på Stiklestad i 1030. Garden vart etter dette gjort til kongsgods (av Magnus d. gode). Seinare vart han lagt til erkebispestolen, og er nemnt i jordebøkerne både åt A.B. og G. I den første er namnet skrive af kvikstadom, og i den andre Af Qwistadom — VI span. Av omframskatten i 1520 fall det på Eivind fra Qwista XII lod sølft och XII lod sølff. Med reformasjonen vart erkebispegodset drege inn under staten — vart krongods, kongsgods. Etter lista over feskatten i 1657 var det 2 leiglendingar på Kvista: Olle Quistad og Anders. Ole svara skatt for 22 hestar og storfe, 29 sauer og svin og 7 geiter (2 rdlr. 1 ort 3 skl.) og Anders for 29-19-0 (2 rdlr. 17 skl.). Og likeins 2 i lista over 12 dalerskatten i 1645: Anders og Hans. Dei svara begge som fullgardsmenn 12 rdlr. Lista over koppskatten same året har Thord Qvista og Hanns; det hadde vore oppsittarskifte nett då. Thord skatta for seg sjølv og kona (Berret Henndrichsdtr.), ein son, to døtter og ei tenestgjente. Og Hans for seg sjølv og kona (Anne Jacobsdtr.), to søner og to tenestgjentor, altså 6 i kvar husstand. Dei to oppsittarane svara landskyld av 3 sp. kvar. Matrikuleringa i 1668 sette garden i 5 sp. skyld, kvar part 2 12 sp. Men det vart ikkje gjenomført, det var 3 + 3 sp. som før. Det vart opplyst at dei på heile garden kand fødde 36 nød, kand såe 30 Tdr. Heser 7. Oppsittarane då var Ola Hansson og Ola Roalson. Dei faste skattane var: leidang 1 rdl. 1 ort, tiende: 2 tn. bygg, 3 tn. havre, småtiende 2 12 ort — eins for begge partane, altså på heile garden det dubbelte. Garden hadde ein saltkjel. I den næraste tida etter matrikuleringa har garden vore øyde (utan bygslar på vanlege vilkår). I 1689 er det tingsvitne på at garden er bevilget Raasmus Høy (fut i Inderøy futedøme) udi 4 år fra nyt års dag at regne 1686 fri fra alle udgifter, formedelst gården udi langsommelig tid haver ligget øde og han den skal bebygge og føre i brug. I 1690 tingsvitne på at Høy hadde sagt frå seg garden, och på tinget opbød til hvem den vilde antage, er hel ringe och iche god for sin leje, serdelis i dette mislige år da auflingen slog feil, formoder underdanigst at blifue frii for landschylden som er 18 rdlr. Mest kvart einaste år til 1712 finst tingsvitne på at futen Høy bur på Kvistad og bruker garden, men for ringe afgift, eit år (1695) berre for leiglendingsskatten. Gong på gong seier han ifrå seg garden, men ingen melder seg som bygselmann, så Kvistad vart rekna millom dei øde. I 1704 vart endeleg skylda sett ned med 2 12 sp. til 3 12 sp. Høy brukte garden framleids etter høgste bod 14 rdlr. medan skattar og utgifter etter avfellinga i skyld v: var I alt 26 rdlir. 8 sk.

Rasmus Høy var fut i Inderøy frå 1688 til 1696. Han budde på Kvistad visstnok til 1712. Ektemannen i futembetet var Johan Torson. — Han vart tenkt for å ha vore med og hjelpt fru Anna Kristina Orning til å røme i frå Mære etter at ho hadde drepe mannen sin — kaptein Iver Mogenson Stadsgaard. — Høy vart då teke til å føre påtalen i drapssaka. Han sette rett på Mære d. 27. mars 1697 der Anna Kristina vart dømt til — — efter i Rette settelse at straffis på hendis Lif och Justificeris under Suerdet, når hun findis eller kand pågribis, och hendis Boesloed at være forfalden til Kgl. Mayst. Domen vart stadfest av lagmannen; endeleg dom vart sagt av overhofretten i (Oslo) Kristiania 11. jan. 1698. Sonen til Anna Kristina og Iver Mogensen — Brostrup Reinhold Iversøn Stadsgaard kom i huset hos R. Høy på Kvistad og var der i fleire år. Ei gjente på garden, Gjertrud heitte ho — og den unge guten vart glad i kvarandre. Og det er fortalt at Gjertrud gjerne vilde pynte seg for honom; så tok ho eit stykke av ei gamal silkefane som var forvart på loftet der, og gjorde ei huve av. Dette vart det reist klage mot henne for: fana høyrde bønderne til, det var bygdefana for Inderøy. Men det var nok borte eit stykke av ho før og, før Gjertrud tok huvemnet sitt der. Brostrup Reinhold vart hvervet til Militien, og kom truleg i framand herteneste. Til Trøndelag kom han aldri meir. På morsida ætta han på Inger på Østråt. Då han for frå Kvistad gav han R. Høy det han hadde att av arven frå foreldrom. — Futen Høy skal ha vore ein god og rettvis mann. På siste tinget han hadde på Inderøy, spurde han om det var nokon millom tingålmugen som hadde noko å seie honom til, men det ikkje det. I skoskattlista i 1711 heiter det om Rasmus Høy og kona at dei ere fattige og uformuende.

Etter futen Høy fekk major Henrik Ram bygsel på Kvistad og gav 35 rdlr. i bygselpengar. Det var i 1713; Ram var sjef for Sparbu dragonkompani. Han hadde Kvistad i 5 år; i 1718 er garden igjen øde. På grannegardane Volan, Berg, Sakshaug, Sundnes, var det innhogg i matvaror o.a. ting både av svenske herfolk og våre eigne i 1718, men Kvistad slapp fri. Tienda av garden var i 1720 1 tn. bl.korn, 2 tn. havre, 24 mrk. gråerter, 28 skl. pengar. Konseptmatrikkelen frå 1723 har nokre opplysningar om garden; der var skog til gjerde og brensel men mådelig bumark, jorda ligger i sørli, grøn og sen til kornvekst. Westen myret eng meget tungvunden. Sår 2 12 tn. bl.korn, 10 in. havre. Avlar 50 lass vollhøy. Der var 3 hestar, 12 storfe, 15 sauer, 5 geiter. Eigar kongen: 6 sp. Opsittar: Korporal Lars Hansson. Han hadde havt garden siden 1719, han fekk da bygselbrev frå futen Johan Helsing for 30 rdlr. Skylda vart sett ned frå 6 sp. som det til då hadde vore, og til 3 12 sp. formedelst dens dyre leye og skadelidande af Vandflod — -. Bygselbrevet frå futen og minskinga i skylda vart godteke av stiftsamtmannen Iver v. Ahnen som skriv: I henseende til denne gårds dyre Leye og skadelidende af Vandflod, så og Huusernis brøstfældighed formedelst de fradødis Armod, haver denne Gård icke været på andre maade at faae beboet og bortbøxlet, end efter forhen passerede attestered Affælding, hvorfor denne Bøxelseddel approberis. På auksjon over krongods i 1728 kjøpte enkja etter handelsm. Bastian Krenckel, T.heim, madame Maria Horneman, garden Kvistad for 263 rdlr., og ho selde han seinar til Lars Hansson. Han var då sersjant. Etter eit manntal i 1720 var han lidet eiende; men det kom til å vende seg, så han tilslutt vart ein av dei mest velhaldne i bygda. Skiftet i 1759 etter andre kona hans, Ingeborg Amundsdtr., syner at den samla medelen kom opp i 1261 rdlr., gjeld, skifteomkostningane o. a. i alt 84 rdår., netto 1177 rdlr. (i våre pengar kr. 3756.00 - målt etter skilnaden i pengeverdet då og no: minst 40,000.00 kr.). Millom innbuet fanst det mykje meir av sølvsaker enn vanleg var på gardane i den tida, såleis t.d. 2 sølvbæggere, kvart verdsett til 3 12 rdlr., og 7 sølvskeier, alle merket med bokstaver og årstal, den eldste frå 1682. Kvistad gard — heil og udelt — var sett i 800 rdlr. Matrikuleringa i 1668 har med under Kvistad ein saltkjel; garden åtte femteparten i han. Lars Hansson var sikkert ein sers driftig mann; det syner seg at han og — liksom nemnt om lensmann Lars Schielven — dreiv med hesteoppdrett. Skiftet i 1759 har med 6 hestar, av deim 2 merrar med føl, den eine verdsett til 10 rdlr. den andre til 7. Dragonhesten vart sett i 15 — for den tid høge prisar, så det måtte vera bra dyr. I fjøset fanst 10 mjølkkyr, 4 ungnaut, 3 årskalvar, 9 sauer, 9 lam, 8 geiter, 2 bukkar, 7 kje, 3 svin. Lars Hansson var gift 3 gonger: 1) med Gudlov Mågensdtr. Roel, 2) med Ingeborg Amundsdtr., 3) med enkja Beret Ingebrigtsdtr. I første ekteskapet 4 born: Bernt, Anne, Hans, Lars, i det andre 3: Gudlov, Peder og Amund, tredje ekteskapet var barnlaust. Han døydde på Kvistad i mai 1766, kring 76 år gamal. Etter Nogle oplysninger om Kvistad-Folket (ved arkivar J. Refsås) var han truleg son til Hans Sivertson på vestre Sakshaug (Jakobstua).

Etter justisprotokollen tek eg med noko her frå ei sak vedk. Lars Hansson, som i ymse måtar kann ha interesse. Til tinget på Sakshaug 3. novbr. 1735 hadde tidlegare sorenskrivar Jonas Jacobsen Reichard (sorenskr. 1710-1733, budde ei tid i Kiesbua, ei tid i Røvika) innstemnt Lars avdi han hadde brukt hans lås og stok i Sakshaugkyrkja. Lars K. møtte og vedstod at han hadde teke ifrå låset og fått gjort ein nykjel så ha kunde nytte stolen, som han meinte høyrde Kvistad til. Det vart vitna at futen Høy på Kvistad hadde havt denne stolen. Andre vitna at stolen jamt hadde vore brukt av kgl. tenestemenn, med undantak av ei tid då dei hadde bygd seg ein stol i galleriet. Men denne stolen var nedteke no, og då måtte dei bruka den dei hadde havt før. Denne saka hadde vore framme 21. juli s. året, og då vorte utsett, no vart ho også utsett. Ho kom opp igjen 6. januar 1736. Lars Kvistad møtte ikkje. Retten avsagde da denne kiendelse: Denne sag er af 2 ulige beskaffenheder. For det første har Lars Kvistad brudt laaset på denne stol paa en helligdag, og for det andet haver han taget stolen i besiddelse uden at spørge Jonas Jacobsen. Retten henstiller herved til almuen at sørge for at hver gaard faar sin adskildte stol. Da denne stol tilhørte og haver været brugt af standspersoner og fornemme folk skulde det være urimelig at en bonde skulde have sin plads der. Retten kan ikke indvilge parterne mer proces om denne sag. Lars Kvistad er en enfoldig bondemand som ikke af sin egen fornuft kan føre sin sag videre; men for det at han ikke skal besvære sig over at retten har forilet sig i denne sag, udsættes den dog til næste ting —. Men saka kom ikkje seinare opp. Den fornemme standsperson og den enfoldige bondemand har vel kome kvarandre så nær likevel at dei har vorte forlikte, om dei då ikkje nett kunde sitte i same kyrkjestolen. Sønene Peder og Lars tok garden etter faren; begge var underoffiserar. Hans fekk ein plass under garden - kalla Kvistadrabben — som i storleik måtte vera jamgod med ein mindre gard; det syner seg ved eit skifte der at dei hadde 4 mjølkekyr, 1 kvige og 1 kalv, 8 voksne sauer og 11 geiter. Den 4. sonen, Amund, var også underoffiser, budde ei tid på Kvistad, seinare på Våset i Sparbu.

INDRE KVISTAD Br.nr. 1.

Peder og Lars Kvistad delte garden i to jamstore partar (l.nr. 55, indre Kvistad og l.nr. 56, ytre Kvistad) i 1767. Lars var eldst f. 1722, og budde på indre Kvistad. Han var som nemnt underoffiser, og dreiv liksom faren med hesteoppdrett; i 1776 fekk han 10 rdlr. i premie frå prins Fredrik for oppelde av dragonhestar. Han var gift med Katharina Hedevig Karstensdtr., f. kring 1716. Dei døydde begge to i 1785, dei hadde havt 2 søner, Lars og Karsten, som begge døydde i ung alder, dotra Gudlov levde etter deim. Då Lars Larsson og kona var død, vart garden seld på auksjon til Arnt Tørrisson Heggdal for 821 rdlr. — altså meir enn heile Kvistadgarden var verdsett til ved skiftet i 1759. Med dette gjekk halvparten av det gamle Kvistad bort frå denne slekta, og nytt folk kom inn. Gamle Kvistad var dragongard, kvar av gardane vart no ein halv dragongard. Arnt Tørrisson sat med garden til 1832, og døydde 1842 nær 90 år gl. Han var en vyrd mann i bygda, var medhjelpar åt pres- ten og medlem av bygdekommisjonen frå 1802 til 1837, og medlem av skolekommisjonen frå 1828 og til 1837. I likninga for 1825-1826 var han lagd i 7 sp., 4 ort, 4 skl. skatt. Det var få bønder i bygda som kom så høgt — 10 spdlr. var toppen! Arnt T. var gift med Ragnhild Bårdsdtr., dei var barnlause. Ettermannen hans på Kvistad vart Arnt Tomasson som fekk skjøte på garden 6. desbr. 1832. — Arnt T. var frå plassen Kvistadgeilen og fosterson på ytre Berg — hos Ole Otteson og kona som og var barnlause. Frå 1. juli 1853 hadde Arnt også skjøte på Berg, men flytta først til Berg i 1869, då eldste sonen Ola Arntson, overtok Kvistad. Skjøte på Kvistad fekk Ola først 20. mars 1871. Ola A. Kvistad var gift med Anne Gurina Hansdatter Gran. Dei budde på Gran i fleire år før dei tok over Kvistad. I 1885 gav han skjøte til verbroren Andreas Kvistadbakken på eit jordstykke som var fråskilt med skyld 1 ort 7 skl. (no 0,69 mark) og namnet Kvistadbakken, brnr. 2. I 1878 gav han eigaren av Sundnes rett til å legge vassleiding frå dam i Risdalen, og i 1884 rett til å bygge samlingskum same staden mot årleg avgift 8 kr. Kontrakt tinglese 21. august 1884. Ola A. Kvistad gav frå seg garden i 1899 til sonen Marensius. Under garden var i 1865 3 husmannsplassar, 2 Våttåhalla, Geilin. Ein av Våttåhallplassane er bortfesta som plass. Til garden høyrer 700 mål skog.

YTRE KVISTAD Br.nr. 3.

Då delinga av garden var gjort i 1767, fekk Per Larsson den ytre halvparten, skylda på kvar av partane var 3 sp. Per Larsson var som nemnt underoffiser. Han var gift med Sara Ottesdtr. Bosnes. Dei hadde 7 born - 5 søner og 2 døtter. Per hadde garden til 1793. Sonen Peder Pristroph Person fekk då skjøte for 600 rdlr. og kår åt foreldrom. Han var f. 1766 og oppkalla etter soknepresten i bygda, Peder Danielson Pristroph. Peder Pristroph var gift 2 gonger, første gongen med Marta Olsdtr. Ferstad, dotter til kvartmeister og bonde på Ferstad, Ole Person Gangstad og kone Ragnhild Margrete Stabel på Gjørv (søster til presten Lorentz Wittrup og søsterdotter til Peder Wittrup, Sundnes), og andre gongen med Olava Nilsdtr. — I første ekteskap 5 born: Ragnhild, Peder, Lorentz Wittrup, Ole og Ingeborg Anna, og i andre ekteskap 8. Ole Person tok over garden etter skifteskjøte i 1821. — Ved denne tida må Ytter Kvistad ha vorte delt. Som nemnt ovanfor fekk denne garden ved delinga i 1767 l.nr. 56, i 1821 hadde han l.nr. 56 a, no gardnr. 3, bnr. 3 andre halvparten er då l.nr. 56 b, no gardnr. 8, bnr. 4. Denne parten må då bror til Ole, Peder Person, ha fått. Peder P. var korporal. I 1835 vart halde skifte etter Ole Person; og garden vart utlagt til sonen Peder Olson. Ved matrikuleringa i 1838 er dei 3 Kvistadgardane førd slik:

--- bnr. 55, Qvistad, Arnt Thomassen, gl. skyld 3 spann, ny skyld 5 daler 1 ort.
--- 56a Do. Peder Olsen, gl. skyld 1 sp. 1 ø. 12 mkl., n. sk. 2 daler 3 ort.
--- 56b Do. Martinus Pedersen, gl. sk. 1 sp. 1 ø. 12 mkl, n. sk. 2 daler 3 ort.

Peder Martin Olson døydde i 1850, han var ugift. Ei søster av han, Ingeborg Anna, døydde på same tid; registrering for skifte etter deim begge vart halde i mars 1850. Året etter døydde søster deira, Marta. Ei tridje søster, Guruanna, levde og hadde arverett til garden. Mora, Elen Anna Pedersdtr. var oppgift med Erik Erikson Kvistad. Dei hadde 5 born saman: Elen Kristine, Jonetta, Ole, Anna Maria og Peder. Skiftet etter Marta Olsdtr. slutta i juli 1852, og garden vart då utlagt til Guruanna etter takstsum 700 spdlr. Guruanna, som då var 21 år gamal, var gift med Haldor Jensson Lyng. Dei selde Kvistad i 1853 til Mortinus Torbergson Berg (frå Sakshaug, Smestua) for 1200 spdlr. og kår. Og han selde i 1854 til Anton Person Kvistad etter skjøte dagsett 19. septbr., kjøpesum 1500 spdlr. Anton Person var gift med Pauline Kristiansdtr. Oksål; han døydde i januar 1855. Enkja Pauline, selde Kvistad, lnr. 56 a til Peder Person Kvistad for 1500 spdlr. etter skjøte dagsett 17. febr. 1855. Etter Peder var død i 1862 sat enkja, Malena Gunnarsdotter, i uskifta bu, og gav i 1886 skjøte på garden til versonen, Hans Edvard Lornsson - gift med Marta Karoline Persdtr. - I 1910 tok sonen, Per Lornsson over garden etter skjøte frå foreldrom, kjøpesum kr. 4000 og kår; han har garden no. Under denne garden var i 1865 3 husmannsplassar: Sørteigan, Skjørnmarka og Rabbatrøa. I 1898 vart Sørteigan fråskild garden, skyld 0,57 mrk.; dei andre 2 plassane er lagt til garden. Til garden høyrer 300 mål skog. Denne Kvistadgarden ligg litt høgare enn dei to andre — på ei lita flate oppi bakken mot skogen, og blir til dagleg kalla ØverKvistad. Det er truleg at husa stod på denne staden i gamle dagar og, då Kvistad var udelt. Då deling vart gjort er det då bygd nytt åt den andre parten oppå same tomta, seinare vart dei husa flytta tett nedunder bakken på vestre side åt bekken, seinare er dei flytta over på flata austanfor bekken der dei står no. Det skal vera Arnt Tomasson som gjorde begge desse flyttingane. Ein bror til Anton Person — Lorns Wittrup Person - f. 1847, reiste i 1866 til Amerika og tok i 1871 jord i Lake Park, Minnesota. Han tok seg godt fram, fekk mange tillitsyrke i skole, kyrkje og kommune, og i private samskipnader. Han fekk grunna Lake Parks barneheim for foreldrelause born og gav ein part av garden sin til den. På denne heimen er plass for 100 born. I 1902 flytta Kvistad til Halstad, Min. og kjøpte gard der. Han døydde der i 1927.

Ytre Kvistad, l.nr. 56 b, no gnr. 8, bnr. 4, vart på skiftet etter Anton Person i 1856 tilheimla dottera Ingeborg Serine, f. 1854. Då enkja Pauline vart oppgift med Ole Torberson Sakshaug, Oppstua — vart Kvistad avlsgard under denne garden, og har vore det jamt sidan. Skjøte til Ole vart utferda først i 1881, av fanejunker Karl J. Odlaug, Oslo, som Ingeborg Serine var gift med. — Sjå elles under Sakshaug. Til denne Kvistadgarden høyrer kring 400 mål skog. Av hus har det i seinare tid vore berre ei sommarstue. Det var 2 husmannsplassar i 1865, dei er no begge lagt under garden. Namnet på plassom var Per Larsengjerdet og Klemmetgjerdet. Den første var i seinare tid mykje godt kalla Simenhaugen etter Simen Simenson som budde der i 1860-70-80 årom. Simen var bygdevektar og fjøskar på Sundnes. Kona heitte Marit Tollevsdtr. Om namnet Kvistad meiner O. Rygh at første leden truleg er eit slite (avslidt) personnamn eller etternamn. Gamal form Kvistadir; same namnet finst i Hjørundfjord, og tidlegare og i Gauldalen etter Aslak Bolts jordbok, Kuistadir.
 

Fra husmannsoga:


Første gongen vi finn nemnt husmannsfolk under denne garden er i 1738 - Kvistad-Volden. I 1739 og 1802 er nemnt Kvistad-bakken. Truleg var Kvistadvollen og Kvistadbakken same plassen. I 1804 døydde Anders Larsson Kvistadbakka av kreft, 45 år gl. I 1755 var det to husmenn under Kvistad. Hallvard, 58 år og Berete, 49 år, var busett i den eine plassen. Dei hadde seks born: 1) Nils, 18 år, - 2) Lars, 10 år, - 3) Mons, 6 år, - 4) Ane, 19 år, - 5) Gudlaug, 6 år og 6) Margrete, 5 år. Enkja Karen, 50 år, var plasskone i den andre plassen. Ho hadde to born heime da: 1) Lars, 20 år og Johan, 6 år. I 1762 var det seks husmenn under Kvistad (da to gardar):

1. Hans Larsson, g.m. Maren Jørgensdtr.
2. Lars Larsson, g.m. Katarina Karstensdtr.
3. Aage Pederson.

1. Johan Petterson, g.m. Ane Halvorsdtr.
2. Stefan Hansson.
3. Johan Rasmusson, g.m. Karen Johansdtr.

I 1801 var Lars Pederss., 38 år og Barbara Hansdtr., 29 år, plassfolk under Ytter Kvistad. Barbro døydde i 1827. Mannen var avliden i 1822. Ervingane var: 1) Sonen Peter Larsson, 31 år (i 1827), 2) Ingeborg, 26 år gl. Båe myndige og dei ordna opp buet seg i millom.

1801: Under Inner-Kvistad var det da to husmenn, nemleg:

1. Lars Larss., 47 år, gift med Ragnhild Olsdtr., 49 år. Ho døydde i 1822, 68 år gl.
2. Anders Larss., 43 år, g.m. Marit Amundsdtr. på Kvistad-bakka, i 1849.

I 1820 er nemnd Marius Cornelias Kvistadplass. Han døydde i 1822, 66 år gl. Etter 1801 er desse husmenn nemnt: Sivert Anderson Kvistadpl., d. 1828, 48 år gl. - Gabriel Pederson, d. 1828, 62 år gl.- Hans Kristenson, d. 1828, 84 år gl.

I 1837 er nemnt Lars Kristofferson Kvistadplass.
I 1848 d. husm.kona Guri Andersdtr. Kvistadpl., 61 år gl.
I 1848 d. husm. Halvor Simenson Kvistadpl., 77 år gl.
I 1848 d. husm. Lars Olss., Kvistadpl., 3212 år gl..
I 1849 d. husm.enkja Merite Amundsdtr. Kvistadpl., 89 år gl. Ho var plasskone der i 1801 og.
I 1858 d. husm. Johannes Jonson Kvistadpl., 60 år gl.
I 1852 d. husm.enkja Inger Pedersdtr. Kvistadpl., 73 år gl.
I 1853 d. inderst Torstein Paulson Kvistadpl., 69 år gl.
I 1855 d. husm.kona Helle (Helga) Joh.dtr. Kv.pl., 62 år gl.
 

Den gamle bygdeboka og husmannsoga hadde feil som ble tatt med som noter i senere opplag. Noen av disse vil bli gjort rede for her, sammen med en generell omtale og egne vurderinger.

Kvistad har 23 oppføringer i Spor i Landskapet, og 19 av disse er husmannsplasser. En del er videreført som egne småbruk eller boliger, mens andre er i ferd med å forsvinne. For et fåtall finnes det nesten ikke synlige spor igjen.

 
 
Merking og fotografering i felt er gjort av frivillige i Inderøy museums- og historielag. Omtale av gårder og husmannsplasser er hentet fra "Inderøyboka Band II" (gardsoga - 1937), "Inderøyboka Band III" (husmannsoga - 1964) og "Spor I Lanskapet" (1995). Kartene i beskrivelsen av gårdene er hentet fra "Spor I Landskapet" og beskjært til hver enkelt gård. Alle bilder og kart er i høy oppløsning.        Admin