Agle
Brenne
Jørnplassen
Sandåkern
Små-Åkran
Vikanråa
Kvistad
Geilin
Klementsgjale
Kvistadgjale
Rabbatrøa
Rabben
Skjørnmarka
Sveet
Tomasgjale
Våttåhalla I
Våttåhalla II
Våttåhalla III
| Gårder og husmannsplasser på Inderøy - Agle, gnr. 186 lnr 265 |
|
|
Fra bygdeboka: Ein part av denne garden låg til erkebispestolen mot slutten av millomalderen. G. har under erkestolens landskyld: Af Agleidh 2 Øre. Namnet er på ein annan stad i G. skrive Agleid. Skylda var frå gamalt 1 spann 2 øre. I skattemanntalet frå 1520 er Gunder i Agle nemnt, i lista over leidangen i 1549 Joenn Aglenn, og i skipsskattlista frå 1559 Oluff på Agle. Suend Augle svara i 1645 12 rdlr. i kontributionsskatt som fullgardsmann. I 1665 var Agle Bakkeklostergods, og Per Agle svara dette året i tiende 12 skj. bygg, 1 tn. 4 skj. havre, 9 mrk. ost, 112 mrk. hamp og 112 mrk. lin. Ved matrikuleringa i 1668 er opplyst at garden kunde fø 8 storfe og 2 hestar, og at dei sådde 8 tn. korn. Per Olsson var oppsittar og Bakke kloster eigar. Skylda vart som før, 1 sp. 2 ø endå matrikuleringsnemnda vilde ha ho ned i 1 sp. 1 ø. Ny skyld på Agle i 1838 4 daler 14 skl., revid. 9,35 mrk. I 1694 d. 21. febr. vart det halde arveskifte etter den same Per Olson, millom enka Anne Olsdotter på den eine sida og brorborn og søsterborn åt Per på den andre sida, brorborna var alle frå Ytterøy pr.gjeld, og søsterborna frå Inderøy (frå Aalberg og Andset). Lausøyret var registrert såleis:
Kaaber:
1 gl: brom Kiel 1 0 0
Korn:2 2 td. biug ad: 7 ort 3 2 0
Sengklæder:
1 Randet Hofuetdyne 0 1 12
1 Kobschinds benchedyne 0 2 0
1 liden benchedyne 0 0 12
Heste Creatur :
1 Røed hest 8 aar 6 0 0
1 Røt ungschuid 2 2 0
Quæg:
3 kiør ad: 2 12 Rdlr. 7 2 0
1 sort skovløben quie 2 1 0
1 liden Graoxe 1 2 0
1 liden sort quie 0 3 0
6 woxen Sauer 2 1 0
3 woxen Gieder 1 0 12
1 ung Gied 0 1 8
1 Soe Suin 0 1 12
Siø Redskab :
1 Gl. baad 0 2 0
8 12 td. Salt ad: 2 ort 8 skl. 4 3 16
12 fiering i en Saltkiel 1 2 0
1 Gl. Seigl 0 2 0
1 Sildgarn 0 2 0
1 Sildgarn 0 1 8
1 Sildgarn 0 1 8
Jernfang:
Ploug Redschab tilsammen 0 1 12
hiem quern 0 0 8
Træfang:kar 0 2 12
dito 0 1 12
Har at fordre hos Simen Wistven for en ung hest: 2 0 0
Summa Boens formue Efter Wurdering: 42 1 0
Derimod findis Bortskyldigt gield som følger:
Schatter for 93 0 3 0
Landschyld og gl.scatter for 93 17 3 4
Item Arbeitz, Søe och landbohold 0 3 8
Noch for 93 landschyld og Rettighed 6 2 8
(Som ein ser ikkje små utreidslor).
Dernæst Aabod taxerit:
Dagligstuen af nyt at opbringe 10 rdl.
Madstuen i ligemaade forraadnet 4 rdl. 14 0 0
Lensmanden och mendene 0 3 0
Tieneren 0 1 0
Jacob Bye for 1 td; korn 1 0 0
Olle Olsen løn 0 2 0
Widere er boet iche tilstrechende.
Endå kom attåt godt 5 rdlr. gjeld.
I 1695 fekk den nye bygselmannen, Amund Jonson, feste på garden frå paktaren på Bakke klostergods, Andreas Tønder, og gav i bygsel 15 rdlr. Amund var då i 30-årsalderen, og hadde garden til over 1745. Namnet til denne Amund (eller Anund) finst bak på altertavla i Hustadkyrkja, han hadde saman med andre gitt gåvor til kyrkja. Han vilde gjerne ha den æra å sitje langt framme i dette huset, det er også sagt at han heller ikkje hadde noko imot at garden Agle stod høgt i skyld. Men skiftet i 1718 etter kona hans, Anne Olsdtr., syner at det i røynda ikkje stod så hævt til, buet var verdsett til 39 rdlr. 2 ort. 10 skl., medan gjelden var 54 rdlr. 15 skl. Svensken var ikkje innom på Agle i 1718. Konseptmatrikkelen frå 1723 opplyser at det på garden var skog til gaards fornødenhed. Ringe bumark. Ligger i vestli, maadelig kornvis. Skarp og myret eng; maadelig tungvunden. Dei sådde 1 tn. bygg, 4 skj. bl.korn, 6 tn. havre, 1 pd. gråerter, 4 mrk. linfrø. Avla 28 lass vollhøy. Der var 2 hestar, 7 storfe, 4 sauer og 4 geiter.
Etter Amund var ein Lars oppsitter nokre år, og etter honom Anders Jensson, han kjøpte garden i 1766 for 230 rdlr. og fekk eit pantelån på 280 rdlr. hos madam Bilsøe. Det var nok litt vanskelig å greie renta til kvar tid, så på skiftet etter kona, Kirsten Hansdtr., i 1784, er gjelden førd med 514 rdlr. Långjevaren var då død, og versonen hennar, kanseliråd Tyrholm, hadde reist søksmål mot Anders. Av denne grunn drog det ut til nyår 1787 før arveskiftet vart slutta. Garden hadde då vore til auksjons 4 gonger, og kom tilslutt opp i 501 rdlr. Dette bodet var det Ole Erikson Oksål som gjorde på auksjon i desember 1785; men då Ole Oksål døydde stutt tid etter, gjekk garden til auksjons pånytt i mai 1786, Markhus Sodemann Lund fekk då tilslaget for 461 rdrl, skilnaden, 40 rdlr., vart utreidd av buet etter Ole E. Oksål. Auksjonen over lausøyret gav 88-2-4, så buet kom opp i 625-2-16. Men då gjeld og ymse utgifter i alt var 608-0-6, vart det berre 17 rdlr. 2 ort 10 skl. tilgode. På skiftet var garden verdsett til 400 rdlr.
Markus S. Lyng selde garden i 1788 til Jørgen Person Geilvoll frå Sparbu for 480 rdlr., skjøtet dagsett og tinglyst 8. april s. å. Den nye bonden på Agle var son til klokkar Per Kristofferson Geilvoll, og gift med Dortea Olsdtr. Skjevlo. Dei hadde ingen søner, men 3 døtter: Lisbet, Sigrid og Karen. Jørgen P. og kona hadde garden til 1817, og selde han då til versonen Ole Jonson Vist for 800 spdlr. Eigarane seinare - i same slekta: Kristian Olson frå kring 1840, Petter Jørgenson fra 1878, etter han døydde i 1890, hadde enkja, Anna Mikalsdtr. Følling, garden til 1894, då han vart seld på auksjon til bror til Petter, Jon Agle Hemre. Han sat med garden til 1910, då versonen hans, Paul Stokke, g. m. Ingeborg Hemre, overtok han og hadde han til 1914. Jørund Petterson kjøpte då garden av honom, og har han no.
Under Agle var det i 1801 berre 1 husmannsplass, sidan ialt 5: Smååkran, Ellingplassen, Brenne, Jørnplassen og Sandåkern. Dei er alle lagt til garden. Kring 50 mål, mest myr, er nydyrka i dei siste par mannsaldrom. Krøterhaldet har i seinare tid vore 2 hestar, 10 storfe, 10 sauer. Kring 700 mål skog høyrer til garden. Den høgste staden i innmarka heiter Tempelbråtte, visst eit gamalt namn, men tydinga uviss. Og nedanfor der husa står no, er det merke etter gravhaugar, men næstan utjamna heilt med bakken. Det har vore funne flint der, men såvidt ein veit ikkje noko annan. Husa vart flytta i Kristian Agle si tid kring 1846. Det vart gjort for å få et betre tun (gårdsplass) enn det gamle. Omfram Tempelbråtte er det noko lenger i nordvest for husom ein næsten utjamna haug som har namnet Hårekhaugen.
|
|
|
Fra husmannsoga: Første gongen vi finn skrifter om plassar under Agle, er i 1783. Den 23. juli 1783 var det skifte etter avlidne husmann Ola Pederson Agleplass. Ervingar var: Enkja, Karen Jensdtr., og borna deira: 1) Jens Olson, 19 år gl., 2) Peder Olson, 7 år, 3) Ola Olson, 1 år gl., 4) Dortea, 14 år og 5) Johanna Olsdtr., 4 år gl. Formyndar var Andor Jensson Agle. Bumedelen- inkje. (Fattigbu). De tilstedeværende foregav at det intet findes til boets indtægt - og, at enken var i saa stor fattigdom at sognepresten har opplyst (?) det almuen ville af medlidenhed rekke hende haanden med levnets ophold udi hendes store svaghed.
|
|
|
|
Den gamle bygdeboka og husmannsoga hadde feil som ble tatt med som noter i senere opplag. Noen av disse vil bli gjort rede for her, sammen med en generell omtale og egne vurderinger. To plasser bebodd i dag, Jørnplassen som utskilt småbruk, og Sandåkern som fritidsbolig. I tillegg står husmannstua i Brenne.
|
|
|
|
|
|
| Merking og fotografering i felt er gjort av frivillige i Inderøy museums- og historielag. Omtale av gårder og husmannsplasser er hentet fra "Inderøyboka Band II" (gardsoga - 1937), "Inderøyboka Band III" (husmannsoga - 1964) og "Spor I Lanskapet" (1995).
Kartene i beskrivelsen av gårdene er hentet fra "Spor I Landskapet" og beskjært til hver enkelt gård. Alle bilder og kart er i høy oppløsning.
| Admin |
|
|